Vedtekter for Solund Sendebrettlaug

Vedteke på stiftingsmøte den 28.juni 2015

KAPITTEL 1 - Innleiande reglar

§1 Føremål

Solund Sendebrettlaug skal drive både toppidrett og ha det moro innafor dei lovmessige og etiske råmer som Norges Idrettsforbund og Solund Idrettslag gjev.

§2 Organisasjon

Solund Sendebrettlaug skal vera underlagt Solund IL si til ei kvar tid sist vedtekne lovnorm (sist endra 3. mars 2013) og vedtak fatta av Solund IL sitt årsmøte. Lovnorma gjeld difor uavhengig av kva som står i desse vedtektene.

Lauget skal i det daglege styrast av eit eige laugsråd som vert vald av eit årleg årslaugsmøte.

Årslaugsmøtet er øvste mynde for laugsmedlemene sitt tilhøve til desse vedtektene. Det er berre dei som har betalt sitt laugsmedlemsskap i Solund Sendebrettlaug som er valberr og som har høve til å velja sjølv på årslaugsmøtet.

Lauget skal vera heimehøyrande i Solund kommune, men laugsmedlemene treng ikkje vera busett der.

§3 Laugsmedlemer

Lauget skal berre bestå av personlege medlemer.

Alle som aksepterer Solund Idrettslag si lovnorm, er medlem i Solund Idrettslag, og som følgjer dei opptaksreglar og årslaugsmøtevedtak om laugskontingent som gjeld for Solund Sendebrettlaug, kan  vera medlem i Solund Sendebrettlaug.

Eit laugsmedlemsskap må godkjennast av Solund Sendebrettlaug sitt eige laugsråd, og alle laugsmedlemene pliktar å forhalde seg til Solund Sendebrettlaug sine eigne vedtekter. Laugsmedlemskap i Solund Sendebrettlaug er først gyldig frå den laugsrådet aksepterer dette medlemsskapet.

Utmelding av lauget skal skje skriftleg og får verknad når denne er motteken.

Ein laugsmedlem kan av laugsrådet verte ekskludert, om denne ikkje forheld seg til dei vedtekter og/eller dei etiske normer som gjeld for lauget.

Denne paragrafen har ingenting å seie for medlemskap i Solund IL.

Solund Sendebrettlaug fører eigne elektroniske laugsmedlemslister og avstemmer desse mot Solund IL sine medlemslister før avvikling av det årlege årslaugsmøte.

§4 Laugsmedlemskontingent m.m.

Laugsmedlemskontingenten vert fastsett av Solund Sendebrettlaug sitt årlege årslaugsmøte. Solund Sendebrettlaug kan innkalle ekstra kontingent, dersom denne har som føremål å få på plass naudsynte grunnlagsinvesteringar og dermed skapa auka aktivitet.

KAPITTEL 2 – Om Tillitsvalde

§§5-11

Solund idrettslag sine lovnormer kap. II frå §§5-11 gjeld analogt for Solund Sendebrettlaug, så lenge laugsmedlemsmassen og samansetnaden av denne, tillet det.

KAPITTEL 3 – Økonomi

§12 Rekneskap, revisjon budsjett m.m.

Solund Sendebrettlaug opprettar ein eigen konto som inngår i Solund IL sin kontoportefølgje, og som vert oppført i Solund IL sin ordinære rekneskap. Denne kontoen skal kunna disponerast av 1 person i Solund Sendebrettlaug.

Solund Sendebrettlaug fører skyggerekneskap over kontoen, og leverer ei årleg oppstilling som syner inntekter og utgifter i driftsåret, samt ei innstilling til eit årsbudsjett for lauget.

Årsbudsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital.

Solund Sendebrettlaug kan ikkje ta opp lån, og/eller forplikte laugsmedlemene i lauget eller Solund Idrettslaget økonomisk utover det som er fastsett i årsbudsjettet.

Leiaren av laugsrådet vert gjeven prokura for Solund Sendebrettlaug.

KAPITTEL 4 – Årslaugsmøte, laugsråd, utval m.m.

§13 Årslaugsmøtet

Solund Idrettslag er årslaugsmøtet I Solund Sendebrettslaug sitt øvste styringsorgan. Årslaugsmøtet i Solund Sendebrettlaug er laugsmedlemene og laugsrådet sitt næraste styringsorgan. Årslaugsmøtet skal haldast kvart år før Solund Idrettslag sitt årsmøte vert halde.

Laugsrådet kallar inn årslaugsmøte seinast 1 veke på førehand. Innkallinga skjer elektronisk og via internett, med fullstendig saksliste. Framlegg til endringar frå laugsrådet eller laugsmedlemene kring vedtekter og kontingentbetaling, skal følgja innkallinga.

Årslaugsmøtet er vedtaksfør, så lenge det møter eit tal laugsmedlemer som tilsvarar 2/3 av laugsrådet sine tal medlemer.

Vedtektsendringar kan ikkje gjerast, utan at ein har følgt kravet til frist for utsending av framlegg. Andre endringar kan gjerast med 2/3 dels fleirtal, etter godkjenning av sakslista.

§14 Leiing av årslaugsmøte

Det vert oppnemnt ein dirigent som skal leia årslaugsmøte

§15 Årslaugsmøtet sine oppgåver

Årslaugsmøtet skal:

  • Godkjenne dei som har stemmerett
  • Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
  • Velje møteleiar, referent og 2 laugsmedlemer til å skrive under protokollen
  • Handsame lauget si årsmelding
  • Handsame lauget sin skyggerekneskap av lauget sin årsrekneska
  • Handsame forslag og saker
  • Fastsetje laugsmedlemskontingent
  • Vedta lauget si innstilling til årsbudsjett
  • Vedta organisasjonsmodell
  • Velje 3-9 laugsrådsmedlemer og 1 varalaugsmedlem
    • Laugsrådsmedlemene vert valde for 2 år av gangen
    • Leiaren vert vald kvart år
    • Av desse; - velje leiar og elles vurdere å fordele oppgåver elles i tråd med dei behovet som lauget har
  • Representantar til møte i dei organisasjonar som lauget har representasjonsrett til

Årslaugsmøte skal leiast av ein oppnemnt dirigent.

§16 Stemmegjeving på årslaugsmøtet

Solund idrettslag sin lovnorm §16 gjeld analogt for Solund Sendebrettlaug.

Det vert ikkje stilt krav til skriftleg stemmegjeving når stemmegjeving skal gjerast.

§17 Ekstraordinært årslaugsmøte

Det vert kalla inn til ekstraordinært årslaugsmøte når dette vert turvande. Innkalling skal skje etter same reglar som for ordinært årslaugsmøte.

§ 18 Lauget sitt laugsråd

Lauget vert leia og forplikta av laugsrådet, som har årslaugsmøtet som sitt næraste styringsorgan.

Laugsrådet skal:

  • Iverksetje årslaugsmøtet sine vedtak og syte for at lauget sine vedtekter og Solund IL si lovnorm vert etterlevd
  • Sjå til at lauget sine midlar vert brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtak som er fatta på årslaugsmøtet eller av overordna organisasjonsledd. Laugsrådet skal ti ei kvar tid syte for at lauget er tilfredsstillande organisert.
  • Koma med innstilling til løypetrasear og endeleg godkjenne desse etter at dei har vore handsama i offentlege organ og / eller Solund IL
  • Etter behov oppnemne komitéar / utval / personar for særskilde oppgåver og utarbeide mandat / instruks for desse
  • Representere lauget utetter
  • Laugsrådet skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når eit fleirtal av rådet sine medlemene krev det

§19 Komitear, utval, personar som er sett til å gjere særskilde oppgåver for lauget

Den/dei som er oppnemnt til slike oppgåver, pliktar å følgje desse vedtektene, og normene til Solund Idrettslag.

Oppnemnde komitear, råd, utval, personar m.m., er på same måten som laugsrådet økonomisk ansvarleg innafor gjeldande årsbudsjett, ved utføring av oppgåver på vegne av lauget.

ANDRE REGLAR

§§20-22

Solund idrettslag sine lovnormer kap. II frå §§5-11 gjeld analogt for Solund Sendebrettlaug så langt dette er mogleg.

Dersom laugsmedlemer i Solund Sendebrettlaug opptrer uaktsamt gjennom sin aktivitet eller representasjon, vil desse medlemene verta stilt ansvarleg for sine handlingar, både økonomisk og juridisk.

Løypeendringar skal skje i tråd med til ei kvar tid gjeldande retningslinjer som gjeld for godkjenning av turneringsbaner, og dei må forankrast i «faggruppa».

Sendebrettlauget må kunne marknadsførast som Solund Sendebrettlaug i form av merchandise, reklamemateriell, webside etc.

 

Hardbakke 28.juni 2015
- referent -