Vinterkast 2016 / 2017, runde 16

Publisert 15.01.2017 av Kjell Mongstad

For ein dag !...og du verden så kjekt med Vinterkast :)
Og vi kom oss gjennom heile runden utan å mista ein disk. Har lært trikset...ein unnselig liten flekk på den urørte nysnøen...og der ein plass, under snøen, litt lenger der framme...under der ligg den! 
Og Tor Arne meistra vinteren best...og den litt lumske snjoen...34 kast (+6) utan ski på beina let seg høyre...og Belgia og Syria følgde hakk i hæl!
Gøy med eit internasjonalt nivå på diskgolfen i Solund :)