Vinterkast 2015/2016

Publisert 25\.0\.2015 av

Så har vi fått testa det også...
Vinterkast 2015 / 2016 = mykje vind...og joda, bana fungerte i frisk vind også...

Særleg for Fanni og Håvard.
Fanni satte både personleg rekord og ungarsk rekord, samt bestnotering for damene på denne testbana nokonsinne, med ein kanonsterk runde på 35 (+6).
Og Håvard var ikkje så verst han heller med sin runde på 27 (-3) .

Vi 8 andre var no glad disken gjekk på fram i det heile...

Denne dagen har vist oss at vinden ikkje treng vera noka hinder for å fortsetje med vekesdiskgolfen utover vinteren...heller tvert om...det vart mykje sosialt samvær og mykje lått og løye.
Deilig å ha noko feles utanforliggjande å kunna skulde på, når disken fer til pisis...
Og ja, pisis er vel det rette ordet, for det er ein plass der ingen visste kor var, eller korleis det er mogleg å kome dit.

Så finn fram disken din igjen og bli med neste søndag...og gjerne før det også!
Dette er fortsatt berre gøy!