Om "Vinterkast 2015 / 2016"

Publisert 28\.0\.2015 av

VEL MØTT TIL VINTERKAST 2015 / 2016 del 2:

Vi er no enige om at det vert set opp ein liten premie i kvar klasse på "Vinterkast 2015 / 2016"...

Her er måten vi gjennomfører denne litt uformelle turneringa på:

- Moroa går føre seg på dei søndagar det er mogleg, fram til vintertid slutt (slutten av mars).

- Det vert berre dei 5 beste rundane som skal teljast med for å finna sluttresultatet.

- Berre ein runde kan teljast med pr. søndag.

- Min. 3 personar må gå saman på ein runde og min. 2 personar skal kontrollere sluttsummen.

 
Her er poengsystemet vi følgjer (det er om å gjere å få mest mogleg poeng):

- Alle får 100 poeng utdelt pr. spelte runde.
- Deretter vert det trekt frå tal kast du brukar på runden (35 kast=65 poeng, 40 kast=60 poeng, etc.)

Er du kjapp i hovudet, så vil 5 rundar på par (30 kast), gje 350 poeng som samla sluttresultat.


Dette betyr at det er fullt mogleg å gjennomføra vekentlege Vinterkast 2015 / 2016, sjølv om både eg og andre er fråverande ein og anna søndagen.

Resultata pr. runde vert registrert, og poengscoren alltid oppdatert her på denne heimesida (sjå systemet og resultata frå Haustkast´15).
Bruk export til CSV via Udisc-en, eller send bilde av papir-scorecardet ditt etter fullført runde.

Det var 9 personar som gjekk første Vinterkast-runden...og dei toppar difor resultatlista så langt.
Dette kan du gjera noko med allereie førstkomande søndag.

NB! Hugs at dette skal vera gøy og at vinden spelar oss ein del artige puss undervegs, så ha eit avslappa forhold til denne litt uformelle konkurransen.

Meld gjerne inn forslag til ein premie; - premiar utan for store kostnader!