Vinterkast 2015 / 2016 - runde 32

Publisert 13\.0\.2016 av

Ein god helg, ein god søndag og ein strålande Vinterkastrunde er over. Heile 8 personar tok like godt runden i dag, i sippande regnvêr på tvers...medan Kim monterte korga på nye hól 1 og 16, og Kalle svirra fairwayen på nye hól 15.
Og medan den nye bana møysommeleg tek form, så knalla like godt Truls til med ny pers.
Og resultata vart jo veldig gode på dei andre også. Så med tanke på resultata under slike forhold, så betyr det rett og slett at vi er blitt litt gode også, her heilt lengst vest ;)
Då har vi det både veldig gøy og så er vi av og til veldig gode... og då har vi no oppnådd fleire ting av det vi ville med denne nye diskgolfaktiviteten :)

I morgon og dagane som kjem skal vi montere nye korger...og svirre litt,
Vel møtt... kanskje med ein spade, ei handsag, ein skiftenøkkel/vater og/eller, ein disk...men i alle fall med godt humør.
Vel møtt også til siste Vinterkastrunden neste søndag :)