Vinterkast 2015 / 2016 runde 31

Publisert 06.03.2016 av Kjell Mongstad
Medan eg sit her med foten i fatle, ramlar det inn scorecard etter denne Vinterkast-runden. Du verden som eg misunner dykk...
Scorecard med deltakarar i alle aldre, med begge kjønn og nokre med resultat som eg måtte sjekke om det verkeleg var rett :)
Eirik er i siget og tydeleg klar for Oslo Amatør Open. Det står respekt av ein runde på 28 (-2) . No må Håvard passe på, så ikkje han mister banerekorden sin.
 
Igjen; - det er ikkje resultata som er viktige. Dette skal jo berre vera moro...for store og små. Men det er no veldig moro å slå sin eigen rekord :)
 
2 rundar igjen av vinterkast turneringa....Så gøy at så mange har vore med og hatt det moro...og det før våren har tatt skikkeleg tak.
Vel møtt neste søndag.