Vinterkast 2015 / 2016 - runde 30

Publisert 28\.0\.2016 av
Medan halve Sula anten er på førstehjelpskurs, teatersportkurs, YST-tur i Stordalen eller simpelthen berre nytte vinterfjellet på ei hytte...og underteikna sit i sofaen med ein knekt fot i véret :( , så kosa nokre diskgolfarar seg oppe i Idrettsparken. 
Kunne sjå ut som det var ein triveleg runde, der dei yngste fekk spele seg med dei litt eldre.Likar nettopp denn generasjonsgrensesprengande aktiviteten :)
Ikkje dagen for topp resultat, der det vrange hól 7 spelte både Mark og Fanni eit puss. Moro var det likevel...og det er endå mange rundar igjen til vi skal skru klokka fram... :)