Vinterkast 2015 / 2016 - runde 26

Publisert 31.01.2016 av Kjell Mongstad

Så var runde 26 av Vinterkast 2015 / 2016 unnagjort.
19 glade diskgolfarar såg ut til å berre nytte livet denne runden, - i alt frå strålande vintersol, til skikkeleg snøkave. Moro at så mange er med, i alle aldersgrupper.

Damene er skikkeleg i siget !
Godt inspirert av "umoglege" Fanni, knalla Anne Brith til med ein ny pers med 53 (+23) :) Også Gunn sneik seg såvidt under persen sin...og etteri ein episk og uhyrleg jamn kamp der Mona tilslutt generøst forærte Gunn det lengste strået...og det på dei 2 aller siste kasta på siste hól 9 (61 vs. 62 kast).
Takk, Mona...kvelden min er redda ;) .

Gode resultat også på juniorsida, der dei fleste betra sitt samanlagtresultatet for Vinterkastturneringa.
Dorthea klarte også runden på 61 kast og drog like godt til med ein birdie på hól 3 ! Åsmund fekk 41 og grunnlaget for rundesigeren la han på dei første hóla og særleg på det vanskelege hól 4, der Eirik like godt sette personleg baklengsrekord :)

2 sterke birdies på Endre; - herunder på vanskelege hól 9 :), der også Mark klarte par...Men for begge desse holdt det akkurat ikkje til siger...Kjell kneip den med fattige 1 poeng...(35,).

Men det skal seiast at hadde Geir Kåre "seifa" på hól 7, i staden for berre å måtte gå "all in" og "out of bounds" gong etter gong, så kunne det lett vorte han som fekk beste runderesultat denne dagen!
Men her må stolte manns- og farsgener ha tatt overhand, for å pingle seg fram mot korga når sønene følgde utviklinga med argusauge, var visst neppe aktuelt. Og som far så sønn; - Kristoffer må ha fått ein stor dose gener derifrå, i alle fall dei som kan knytast til utfordringar på hól 7 ;) .
Den andre, Morten som man skulle tru hadde fått dei same genene, sidan han er fødd på same dag, må ha fått ein større dose meir Mona-gener...Ein debutrunde på +16, er godt gjort midtvinters!

Vi gleder oss allereie til neste runde og ikkje minst til Espen kjem og då gjev oss nokre leksonar teknikk om 14 dagar.