Vinterkast 2015 / 2016 - runde 2

Publisert 01.11.2015 av Kjell Mongstad
Vinterkast 2015 / 2016 runde 2 er ferdig.
 
Ikkje gale med 14 stk. som valgte å utfordra vinden denne søndagen...:)
Og vinden kjempa så godt den kunne imot oss, særleg på hól 4, men måtte stort sett gje tapt for Sendebrettlauget sine vestegaste kastarar.
 
Resultata talar for seg. Sjå under arkfana "Turneringar".
 
Fanni held fram med å imponere, men May Brith byrjar snart å puste henne i nakken...
Og pass på Eirik, juniorrekorden kan stå for fall, no er Åsmund også i siget!
Torstein var vel å rekne som ein favoritt, men det blei rett og slett 2 "bærturar" for han på hól 8 (skogshólet), og dermed så delte han 2.plassen med Geir-Kåre og forærte rundesigeren til Kjell...Treningsrunden i kulingen dagen før gjorde visst nytten!
.
Vått?...Neida!...
Sjølv om det bøtta ned dagen før, så går man tørrskodd denne runden.
Bana er super!
 
Dette blir ein gøy og sosial søndagssyssel gjennom vinteren.
Vel møtt neste søndag også!