Vinterkast 2015 / 2016 - Runde 33 (siste runde)

Publisert 20\.0\.2016 av
Vemodig; - men så var altså siste Vinterkast-runde over.
Men 13 glade kastarar avslutta verkeleg med topp energi og stil !...godt anført av Nikolai som persa med heile 10 kast !
 
Fanni drog også til med ny pers og ein knallsterk +3-runde. May-Brith og Anne Brith varkje mykje dårlegare og desse tre utgjorde pallen i dameklassen. 
Tarjei avlutta med +1 og kneip dermed 3. plassen samanlagt rett foran nasapå Torstein.
Og samanlagt var det som venta ingenting å gjere med Håvard og Mark mellom seniorane. Heller ikkje Eirik, Åsmund og Aron for juniorane.
 
Sidan dette var ein turnering blott til lyst og gøy, så skjedde premieringa i form av loddtrekning. Gaute og Tarjei vant kvar sin laugsdriver, og alle juniorane får kvar sin markeringsdisk til odel og eige (det er berre å kome innom for å hente den).
Det har vore heile 76 deltakarar med på dei tilsaman 33 Vinterkastrundane som er gjennomførde.
Gratulerer til oss alle saman med vel gjennomført turnering!
Kjempegøy og fantastisk innsats.
 
Samstundes har vi altså fått på plass ei 18-korgs diskgolfbane som i går kveld og idag vart gjennomført ein første testrunde på !
No handlar det om å teste kvar einaste bane / korg så mykje vi, klarer og melde tilbake på denne FB-gruppa ting som både fungerer og som ikkje fungerer.
 
Håvard, Tarjei og fleire vil i veka som kjem, arbeide med å få på plass første utkast til OB-linjer og mandoer. Bence vil lage trapper og Kim vil etterkvart svirre på...(Mark svirra i veg idag). Heng dykk på og ta gjerne med ei sag, så vil bana verta meir og meir spelberr ettersom vekene går.