Vinterkast 2015 / 2016 del 9 - Start Juleflesk-turnering

Publisert 20\.0\.2015 av

Makan til møkkavêr...
Men makan til diskgolfgjeng også då !!! 

For det var vel ikkje ei fille som var tørr på desse 11 ekstremt sportye og humørfylte golfarane, etter at runden var unnagjort.
Førebels er desse første 11 kvalifisert til å vera med i trekninga om ein Solund Sendebrettlaug-caps! Og vi vil ha mange fleire med i trekninga.
Og tek du 3 og jamvel 5 rundar, så vert du med i fleire trekningar.

Og no er altså dei første 22 kilometrene tilbakelagt av julefleskturneringa.
Kiloene berre raser...
Med 10 slike dagar frametter, så kjem det til å verta tilbakelagt 22 mil med juleflesk i Solund i jule- og nyttårshelga...torer ikkje tenkje på kor skrinne innbyggjarane i Solund vert om veret vert sånn nokonlunde dei neste 14 dagane ;)

Sjølv om vatnet og juleflesket rant i strie straumar, så klarte altså Endre det utrulege; - å sette personleg rekord med sterke 34 (+4) runde. Både Håvard og Mark (som leder Vinterkast-turneringa) måtte bite i graset... eller bøye seg i støvet, heiter det vel :) .
Og generelt sett må ein jo kunna seie at nivået på prestasjonane verkeleg er høgt. Både kvinner og menn, juniorar som seniorar går alle rundar som det går an å skrive heim om.
Og rekrutteringa går som smurt...Det er berre eit tidsspørsmål kor tid lille Daniel tek opp kampen med store Daniel !!!

Og følg godt med på http://sendebrettlauget.no/turneringar/vinterkast-2015-2016/ . Der kan du følge kordan resultatlista vil forandre seg etterkvart som folk klarer å fullføre 5 rundar.