Vinterkast 2015 / 2016 del 8

Publisert 13\.0\.2015 av

Søndagen baud på perfekte vinterforhold, +1 grad og vindstille. Med Kjell og halve Sula vekke på julehandel, vart det fem deltakarar igjen på startlinja.
Det vart ein uhyggeleg jamn runde der alle fem deltakarane var innan fem kast.

Det store utropsteiknet for dagen var Gaute som gjekk runda på +10, ny personleg rekord med 4 (!) kast. Gaute hadde ein birde på vanskelege hol 7, og i tillegg så nær ein birde på hol 3 der discen landa oppe på korga. Det er berre eit spørsmål om nokre veker før Gaute går bana på under 40 kast.

Kim spelte som vanleg stabilt og hadde eit kast forsprang før siste holet. Der vart det diverre 2 out-of-bounce og Mark kunne gå forbi med par og resultatet +6. Kim fekk dermed same resultat som både Fanny og Tor Arne, +8.

Ny samling neste søndag kl. 13.00. Bli med!