Vinterkast 2015 / 2016 del 7

Publisert 07.12.2015 av Kjell Mongstad

Jommen vart Vinterkast 2015 / 2016 del 7 gjennomført med 6 ukuelege deltakarar på plass + Daniel og "Synne"...eller restane av henne i alle fall...

Men her vil eg då seie at "Synne" måtte gje tapt for både Mark og Fanni. 
+2 og ein birdie på hól 5 på denne dagen; - Jo det hadde Mark fortent ein eigen premie for... også Daniel med 24 kast på hól 1.
Ingrid, du får følge opp her!
Og Fanni likeså, som berre var 1 kast i frå å tangere sin personlege rekord.

Det som no er blitt morsomt, er å sjå på samanlagtlista. 
Erlend har lagt ned ein sværandes jobb med å få resultatservicen til å verte både brukarvenleg og gøy. Sjå nærare under arkfana turneringar.

Fleire har no gått 5 rundar og det er enkelt å sjå om det er eit forbetringspotensiale å hente ut for dei neste 12 rundane som er med i Vinterkast-turneringa (søndagar t.o.m. mars).
Og alle kan no sjå at om dei kjem heim ei helg, så kan dei henge seg på og etterkvart sanke anselig med poeng.

Det må presiserast at denne vinterkast-konkurransen er veldig uformell. 
Vi i Sendebrettlauget vil at fok skal ha det gøy først, og dernest kan ein ha fokus på resultat og konkurranse; - med seg sjølv og andre.

Vel møtt til Vinterkast 2015 / 2016 del 8 neste søndag.