Vinterkast 2015 / 2016 del 6

Publisert 29\.0\.2015 av
Snakkar meg om for ein gjeng; -
For her velger 9 stk. evige diskgolfentusiaster å jumpe ut av den lune senga si medan dei høyrer regnet piskar på tvers på ruta.
Så hiv dei innpå ein energifull frukost og set kursen mot Solund Idrettspark.
Og nøyaktig kl. 12.59 legg altså den siste regnbyga seg...!
 
Og dermed så var vi igang...Vinterkast 2015 / 2016 del 6...friske og uforskamma opplagte, med mange gode kommentarar på lur, og med nokre coming diskgolfere i kulissane.
 
Vinden stod oss bi og resultata vart jo riktig så greie. Imponerande, sidan alle kom seg under 10 kast på hól 4, men like fullt deprimerande med dette hersens hól 7; - kordan skal vi en gong for alle fikse den lunefulle OB-øya?
 
Det vart jamnt heilt til siste hól, men så rulla disken til Mark så vidt ut i det djupe sivet ...som ei slags rein gåve til Kjell, som dermed bokstaveleg talt trakk det lengste strået denne runden.
Og Mona knalla til med ny pers, og både Eirik, Bjarte og Endre var berre eit lite poeng bak sin eigen pers. Dette vart noko å skrive heim om...!
 
Veldig gøy runde...takk for laget! Me sjåast igjen neste søndag!