Vinterkast 2015 / 2016 del 5

Publisert 22\.0\.2015 av
Jommen blei det ein tidleg søndagsrunde på den absolutte harde kjerne av diskgolfkastarane lengst vest...i riktig så kaldt men likevel aldeles så strålande ver.
Og både folka og diskane holdt stand mot både barfrost og bergnabbar...trass i åtvaringane på førehand.
 
Det vart berre eit skår i gleden; - at den trufaste iphone4-mobilen min ikkje skulle tåle vinterkulden...skulle sjølvsagt ikkje ha testa den mot bergnabben...men no veit i alle fall alle andre som har lurt på det; - kast ikkje mobilar mot bergnabbar i kuldegradar...dei sprekk!
 
Mark og Kim gjennomførte kvar sin strålande 35 runde (+5).
Og det lette snølaget sytte for at hól 7 vart dødens hól...diskane seilte som eit akebrett out of bounds...berre Jan Kåre som klarte brasene supert der!
 
Må jo trekke fram at Ole Jørgen knuste til og slo sjølvaste faren sin på dei siste 3 hóla...så smertefullt var det, at Jørn Otto måtte rett og slett ta ein ekstrarunde etterpå...
 
Igjen vart det ein riktig så sosial og triveleg runde...korkje vind eller kulde kjem til å stoppe denne gjengen :)
Vel møtte neste søndag.