Vinterkast 2015 / 2016 - del 28

Publisert 14\.0\.2016 av
Vinterkast runde 28 er unnagjort!
Ein nydeleg dag til å gå på ski og ein nydeleg dag for å kaste frisbee...
Og når finavéret fell saman med vinterferie, så blir skia prioritert for dei fleste Sulingane. Men 7 av oss fant aldri skia igjen i bakkjellaren...:)
 
I dag testa Aron ut ein ny forehandkasteteknikk...og "den satt midt i sikringsboksen":) Om ikkje han hadde gått på ein smell på siste hólet, så hadde det kanskje blitt pers idag!
Fanni er det som vanleg få som klarer å hamle opp med. Sjølv om Benze starta med birdies på hól 2 og 3 og tangerte persen sin, så holdt det ikkje mot Fanni sine 38 (+8). Kjell klarte til slutt ein knepen siger med ein birdie på sistehólet.
Det må nemnast at Andreas debuterte idag :) Frå aldri å ha tatt i ein disk før, så bar det rett i Vinterkast-runden. Og der satt teknikken betre og betre, og det heile enda med ein flott debutrunde på 65 for Andreas!
 
Merk dykk neste helg!
Bli med på heile eller delar av helga. Starter med eit raskt årslaugsmøte i Gymsalen og så ber det rett over i teknikk-kurs med Espen Møkkelgjerd.
Har kjøpt inn 2 putterkorger til innandørs bruk.
Helga vert avslutta med Vinterkast 2015/2016 del 29.
 
Vel møtt!