Vestkysttouren i Solund utsett

Publisert 15.03.2020 av Kjell Mongstad

Må diverre meddele at vi lyt utsetje 1. runden i Vestkysttouren, grunna Korona-situasjonen.
Dette er først og fremst synd for dei som er direkte ramma av sjukdom, eller som lever i frykt for å verta smitta med fatale konsekvensar.
Vi blir sjølvsagt med på den internasjonale solidaritetsdugnaden og vonar denne gjev god verknad.
Vi kjem tilbake med ny dato for gjennomføring, straks det kjem signal om kor tid forbod mot idrettsarrangement vil verta oppheva.