Vestkysttouren 2019 - ein suksess

Publisert 13.05.2019 av Kjell Mongstad

Arrangør av Vestkysttouren 11. mai og Pargolf 12. mai:

Solund Sendebrettlaug fekk den store æra å få lov å arrangera ein del av Vestkysttouren 2019, saman med diskgolfklubbane på Frekhaug, Flaktveit, Fyllingsdalen, Herdla, Sandnes, Ølberg og Karmøy .
Vinteren og våren vart det arbeidd intenst med m.a. å få 9-korgsbana fullført og preparert banene med forskriftsmessige fairwayer, utkastsoner, OB-er og mandolinjer.
Eit spretta nytt banedesign vart laga for både 18- og 9-korgsbana, til konkurransedagane.

Alt saman vart gjort på dugnad og det gjekk med omlag 80 timar berre i førebuingar til touren.
I tillegg kom sjølve gjennomføringa av helga, der vi også hadde engasjert ein TD (teknisk delegert).

Det var stor vilje til å yte sponsormidlar til arrangementet. Desse verksemdene bidrog kvar med sin skjerv: Sunnfjord Energi, Vidar Hop Skyssbaater, P/R Sulejet, Norsk kystkulturakademi, Solund verft, Solund Eiendom, Sulemat og Solundmat.

Dag 1: Den offisielle Vestkysttour-turneringa:

Det var 38 deltakarar på konkurransedag 1; - fordelt på open herrar-, open damer-, master- amatør-, og juniorklassar. Det vart gjennomført 2 rundar på 18 hols bana;- runde 1 som mix mellom klassane, runde 2 klassevis, fordelt etter score i 1. runde.

Dei 5 beste i kvar klasse vart premiert. Berre dei som hadde PDGA-meldemsskap som profesjonelle, kunne motta pengepremie. Det vart også delt ut deltakarpremiar og "closest to pin"(ctp)-premie.
Det vart delt ut like premiar til alle barn / juniorar (6 stk.).

Under arrangementet var sekretariatet stasjonert i skateboarden. Rampen vart nytta som base for konferansieren; - der føregjekk også premieutdelinga og matservering. Dette fungerte veldig fint.

Tor Eriksen vann Open-klassen der Håvard kom på 4. plass. Våre medlemer Karoline, Fanni og May Brith tapetserte pallen i dameklassen. Aron og Gaute toppa juniorklassen ???? Tommy Nesse vann amatørklassen, der Eirik kom på 6.plass. Og Roar Gjøsæter vann master-klassen med turneringa sin beste prestasjon; - 5 under par på 1. runden, og det under svært krevjande vindtilhøve.

Dag 2 - Pargolfen:

Det var 32 personar (16 par) som deltok på den litt meir uformelle pargolfen. 9 av desse var juniorar.

I pargolf kaster ein alltid frå beste diskplassering, slik at dei yngste og meir urøynde også har sjansen til å oppnå gode resultat. Det vart uhyre jamt, med delte 1. og 3. plassar. Tommy var med på vinnarlaget, og Tarjei/ Torstein kapra 2. plassen. Berre pallplasseringane vart premiert.
Det vart også trekt ut deltakar- og ctpp-premiar i Pargolf-turneringa. Alle 9 juniorane vart satt ekstra pris på og premiert likt. Ingen mottok pengepremiar på denne delen av turneringa.

Det vart 2 fantastiske dagar med strålande vêr og svært god stemning. Og kanskje det mest gledelege var den gode deltakinga i juniorklassen, der heile 9 juniorar var med. Dette vart lagt merke til og kommentert av dei tilreisande.

Noko av føremålet med denne touren, er å rekruttere og å gje dei yngre gode opplevingar og læring.

Det er også verd å nemne at diskgolf er ein gentlemanssport, og i Vestkysttouren er det ikkje lov å psyke ut og å kritisere, berre gje ros og oppmuntre. Reglane elles vert ikkje praktisert strengt, men vert presisert for nye deltakarar, slik at dei lærer.

Matserveringa fungerte utmerka, då elevar frå 10.klasse m/foreldre vart engasjert til å løyse dette. Det vart servert om lag 140 halve baguetter med heimelaga eggerøre og salat, røykelaks frå Sulemat og med nokre med Solundmat sine pølser, fenalår og villsaukjøttboller på. Brus, saft, vatn og rørekaker vart også servert, samt bananer som etter reglementet, alltid må vera på plass.
På laurdagskvelden var vi ein stor gjeng som samlast til Quiz-kveld m/pizza på Skafferiet.

Tilbakemeldingane til arrangøren frå dei mange tilreisande, var overveldande gode, både på det totale diskgolfanlegget vi har laga, det spanande banedesignet som er tilpassa våre naturgjevne føresetnader, og også på sjølve gjennomføringa av turneringa. Og sjølv om det naturlegvis vart fleire som ikkje vant, enn dei som vant, så tyder tilbakemeldingane på at her ynskjer ein å koma attende for både å spele meir diskgolf, men også for å oppleve meir av det kommunen har å by på.

Vi ynskjer å arrangere Vestkysttouren i Solund årleg.

Solund Sendebrettlaug nyttar høvet og takkar så hjarteleg for alle som har vore med på dugnad og som valde å sponsa Vestkysttouren i Solund i år 2019, og ei særleg takk til 10.klasse elevane med foreldre som sette prikken over i-en med å servere kjempegod mat og drikke desse dagane.

Bidragsytarar / sponsorar for Vestkysttouren i Solund 2019:

Sunnfjord Energi AS
Vidar Hop Skysssbåter AS
Norsk Kystkulturakademi AS
Sulejet AS
Solundmat AS
Solund Eiendom AS - Skafferiet Mat & drikke  
Solund Verft AS
Sulemat - Frode Kalgraff
Solund kommune

Deltaking på dei andre Vestkysttour-rundane:

Solund Sendebrettlaug hadde fleire deltakarar med i dei andre Vestkysttour-turneringane som vart halde andre stader (Fyllingsdalen, Flaktveit, Frekhaug, Herdla og Bømlo).

Og Gaute vann ein flott 2. premie i juniorklassen samanlagt. Gratulasjonar til Gaute for den flotte prestasjonen !!!