Venskapsturneringa er i gang!

Publisert 13\.0\.2017 av

PUHHH - for ein dag det vart!!!  For 26 personar som går 2 X18-korgsrundar i Draumeparken, er ikkje dagleg kost!
Oppsummert frå mi side: Gangsperr, men godt humør, gode naturopplevingar, vindstille og gode resultat.
Og best av alt; - triveleg sosial happening og nok mat. Kjempegøy med besøk frå Flaktveit og Førde 
 
Har allereie fått gode tilbakemeldingar og tips til forbetringar av bana. 

Idag tek nokon sin 2. runde og så vert det finale på 9 korger. 
Alle som ynskjer det, spelar finalen  Vi går då ut 3 og 3 i "flighten. (Finalerunden tel også med i Vårkast 2017). 
Må nemne at Lars Ørjan sette banerekord med 50 kast  Gratulerer, den skal verte vanskeleg å slå nokonsinne !
Elles er det superjamnt i denne venskaplege turneringa så langt...sjå i artiklar under om dette.

Her finn de resultata så langt: https://www.discgolfmetrix.com/?u=scorecard&ID=408621

Om nokon har tatt bilete, så del gjerne!