Venskapsturneringa - det var moro !!!

Publisert 14.05.2017 av Kjell Mongstad

Ei kort oppsummering etter venskapsturneringa i helga:

Gode band er bundne med Flaktveit-gjengen.
Og er enig med Endre; - bana fungerte veldig godt!
Aron stakk av med sigeren i junior-klassen, etter ein veldig jamn finale. Og både Aron, Dorthea, Gaute og Ole Jørgen har fått utdelt sine velfortente premiar :)
Fanni og Miriam var akkurat like gode på å snakke seg bort på 2.runden i dameklassen ;), men Fanni var det heilt umogleg å hamle opp med på resultatlista. Ein velfortent disk til henne også :)
Etter 2 rundar låg Eirik, Endre og Torstein så godt som likt, men i finalen trakk Torstein til slutt det lengste strået. Flaktveit-gjengen med Thomas og Trond kom som ei kule bakfrå på finalerunden, men det vart for tøft å tukte desse 3 Sulingane på si eiga heimebane.
Vel blåst alle saman! Dette gav meirsmak :)
Vi møtest igjen, både i Solund og på Flakveit...!
Sjå fullstendig resultatliste https://discgolfmetrix.com/?u=scorecard&ID=408621
(og tusen takk til Erlend som ofra seg på resultatservicen) :)