Velkomen til årslaugsmøte 19. april kl. 17:00

Publisert 13.03.2021 av Kjell Mongstad
Innkalling til årslaugsmøte for år 2020 mandag den 19. april kl. 17:00:
Solund IL avgjort at deira årsmøte skal vera mandag den 19. april i Idrettsbygget kl. 18.
Då vert medlemene i Solund Sendebrettlaug (som er i undergruppe av Solund IL) innkalla til årslaugsmøte same mandag og på same stad, men til kl. 17:00.
Vedlagt følgjer innkalling, årsmelding, rekneskap som er under revisjon og budsjettframlegg.
Vi skal prøve å legge opp til at medlemer kan delta digitalt. Meld frå om du ynskjer å delta på ein slik måte. Dersom Koronaen spelar oss eit større puss enn venta, kan møtet verta halde fulldigitalt. Dette kjem vi tilbake til kort tid før møtet.

Vel møtt!
Styret i SSL