Vel blåst Vestkysttour i Solund år 2020

Publisert 4\.0\.2020 av
Ei aldeles fantastisk diskgolfhelg i Solund er over!
Heile 46 deltakarar i eit aldersspenn frå 6 til 60 år deltok på Vestkysttouren; - nokre i konkurranse om heder og ære, medan andre for å lære kva denne sporten har å by på. Som alle kjenner til så er det sosiale aspektet alltid framtredande i Solund; - så også på årets VKT. Trivelege og positivt innstilte konkurrentar, vilsauer som passar på oss, god pausemat, flotte premiar og deilig pizzakveld på Skafferiet.
Olav Breistein var i det umoglege hjørnet i konkurransen og sette banerekord på den vindfulle 1. runden med utrulege -8 (over 1000 reita runde). Det var berre Håvard som til ein viss grad klarte å følgje Olav på den runden. Deretter følgde det 2 Håvarder til ????
Og Olav vant både VKT i Solund for Open Herrar, så vel som VKT samanlagt. Han viste at han høyrer heime i Norgestoppen. Gratulerer!
Sendebrettlauget gjorde det samla sett skarpt i konkurransen.
- Håvard vart nr. 2 i Åpne Herrar.
- Karoline henta heim sigeren i Open Dame med Marianne på 2, plass. Og Karoline tok også heim 3. plass i VKT samanlagt.
- Endre henta heim trofeet i Novice-klassen, med Asle hakk i hæl.

Og merk!
Det var 7 juniorar med, som alle gjorde en imponerande innsats (født 2002 eller seinare).
Ida Emelie Nesse (tilknyting til Hop) vant for jentene med imponerande spel. Gaute kjempa heilt til det siste for sigeren, men Tobias Skålevik vant til sist, 1 kast foran Gaute. Joel Harnes tok 3. plassen.
Eirik gjekk ein fantastisk 1. runde, men måtte diverre bryte 2.runden med skade.

Men her må vi også trekke fram dei til yngste;
- Daniel (8 år) gjennomførte begge rundane, der garva diskgolfarar berre lot seg imponere av hans 88-runde. Og imponeranse var det at Aleksa (6 år) gjennomførte heile 1.runden. Han må då vera tidenes yngste VKT-deltakar?

Andre gruppevinnarar var Trond Mjøs i Master og Christian del Rio i Rekreasjon!

Pargolfen dagen derpå, vart også ein utruleg kjekk seanse.
13 par gjennomførte ein 18-korgs runde. Vinden hadde stilna og folk gjekk simpelthen rundt og koste seg på bana. 
Christian og Tor Andre kom seg igjennom runden på imponerande -12; - uten bogeys. Det vil seie at dei mangla birdie på berre 6 korger, deriblant på dei vridne korg 4, 7 og 17.

Pargolfen er komen for å bli, som ein litt uformell avslutning på Vestkysttouren i Solund.
VKT-Turneringa og Pargolfen hadde flott premiar å by på, takka vere våre mange gode sponsorar. Tusen takk til:
  • Norsk kystkulturakademi AS
  • TB-event AS
  • Solund Eiendom AS / Skafferiet Mat & Drikke
  • Steinsund Marinesenter AS
  • Spar Solund
  • Sulejet AS
  • Solundmat AS
  • Vidar Hop Skyssbåter
  • Frode Kalgraff
  • Lavik Maskinsenter AS
  • Solund kommune
Tilbakemeldingane frå deltakarane er udelt positive etter denne turneringa.
Sendebrettlauget får skryt for både arrangementet, den spenstige og godt vedlikehaldne bana, naturen, men kanskje mest for sjølve atmosfæren i Solund og rundt arrangementet.
Folk seier dei vil koma igjen til VKT i Solund neste år. Det er eit godt teikn.

Takk til dugnadsgjengen (inkludert villsauene) som har gjort det mogleg å få gjennomført touren i år, og for dei mange oppmuntrande orda frå bygdefolket undervegs.
Og tusen takk til alle deltakarane; - vel blåst Vestkysttour i Solund