Vårkast 2017 - Runde 3

Publisert 01.05.2017 av Kjell Mongstad

Etter 3 dager med konfirmasjon, der middagsmenyen varierte heilt frå mors raspeballer til Thailandsk wok, og all verdas uimotståelege dessertar og kaffibordet formeleg bugna med bestemors og besteveners kalori-teppebomba favorittkaker, så var det direkte sælebot å ta ein kveldsrunde med diskgolf...og Eirik hadde visst tålt etargildet best og gjekk ein knallsterk runde på 30 (+1).
Ellers følgte alle oss andre som perler på ei snor...riktignok eit godt stykke bak! Men det gjorde ingenting, for dette var ein runde der det for fleire av oss berre var meininga å riste av litt sideflesk! Vi skal bite betre frå oss neste søndag :)