Vårkast 2017 - runde 1

Publisert 23.04.2017 av Kjell Mongstad

Årets første Vårkast-runde vart gjennomført idag. Vår og vår, fru Blom ;)For på denne vårdagen tusla 16 glade diskgolfarar i snøføyka med valne fingrar, men også med raudfriske kinn. Og med oss, var våre eminente kloppe-byggjarar...Bence, med "stang ut", men så endeleg hamna disken i korga. Og Fanni, som like godt planta disken midt i kystarboretet og ventar på ei vårsol som skal bleinkje i bakkane, medan ho sang om varmare land. I dag slo Helene til med ein 15-meters putt :) Elles var Eirik og Kjell akkurat like gode idag med 34 kast (+5) på runden. Resten følgde som perler på ei snor. Følg med på www.sendebrettlauget.no. Vel møtt neste søndag :)