Testrunde 2

Publisert 23.07.2015 av Håvard Mongstad

Merk at bana er endra etter denne runden, så resultata er dessverre ikkje registrert på bana.

Då var første runde på den nye bana fullført og det var jammen meg godt oppmøte denne gongen på heile 13 stykk, det er bra!
Etter å ha fått varma opp med nyinnkjøpte discer tok vi fatt på den nye bana:

Vi gratulerer Ida Grindland med ny offisiell damerekord på +21! Har ho meir å gå på til neste turnering?!

Håvard satt ein god standard for banerekord på +1, mens Øyvind Engevik overraska alle med knallsterke +4! Ellers var det uhyre jevnt bakover med Kalle som sneik til seg tredjeplassen forran snuten på TorsteinJan Kåre, Eirik og Endre.

Verdt å merke seg: Ørjan Nikolaisen Trovåg ligg å lure nede på resultatlista med heile 5 par! Om han luker vekk dei store smellane blir han skummel framover..

Veldig kjekt med så bra oppmøte, bana blir fiksa ytterligare på til neste gong og vi er opne for forslag om nokon har formeininger om bana / håla. 
Tidspunkt for neste turnering kjem vi tilbake til.

Bra kasta!