Sommarkast'15 - Siste runde

Publisert 18\.0\.2015 av

IMG 1311Då var siste runde av turneringa Sommarkast'15 over for denne gang! Kunstgrasmattene var no komen på plass på dei fleste håla, men det gjenstår framdeles litt dugnad for å få alle på plass. Etter å ha kasta i Fyllingsdalen (Bergen) i helga er det ikkje noko tvil når eg seier at desse utkasta er av bedre standard enn mange av de som finst der!!

Verken Ida eller Monica klarte å snike til seg damerekorden før dei reiser fra øya, og må nok belage seg på å vente til neste gong dei kjem på besøk for å prøve å slå den igjen. Då kan desverre rekorden være endå vanskeligare å ta ettersom Stine viste storform (med støvler) på +19! Hadde da ikkje vert for hål 9, hadde ho havna på +13 (!!).

Debutantane Mark og Daniel starta veldig bra, men mista litt grepet undervegs. Daniel prøvde blant anna å gøyme discane sine i "Indianarskogen" ved hål 9. Videre slo Jonathan Arnes til med tredje beste score i juniorklassen, berre 2 kast bak Åsne Hauge! Imponerande. Isabella var nokon kast bak sin eigen rekord, og kjem nok sterkare tilbake til neste runde! :) Underteikna drog sigeren i land med ny banerekord på -5.

Sommarkast'15 er over for denne gong, og vi vil takke alle som har hjelpt til for å ha fått bana så fin som den er i dag. Vi hadde ikkje trudd at vi skulle få så mykje på plass på ein sommar. Det er berre positive tilbakemeldinger på det som er gjort til no, og det er bra for laugsmotivasjon vidare!

Ellers starter - " Haustkast'15 " - kvart øyeblikk, så då er det berre å førebu seg!

Spiller Detaljer Sum +/-
Informasjon fjernet 25 -5
Informasjon fjernet 37 7
Informasjon fjernet 38 8
Informasjon fjernet 42 12
Informasjon fjernet 42 12
Informasjon fjernet 49 19
Informasjon fjernet 52 22
Informasjon fjernet 52 22
Informasjon fjernet 52 22
Informasjon fjernet 66 36
Informasjon fjernet 78 48
    Eagle/Ace         Birdie         Boogey         Dobbel Boogey +