Sommarkast`15 - Runde 5

Publisert 13.08.2015 av Håvard Mongstad

Det var ein flott sommarkveld for runde 5 av sommarkast`15 i dag. Dagens kastarar var så heldig å få prøve dei nye kunstgrasmattene som er komen. Takk til Jørn Otto som fekk fordelt ut sanda akkurat i tide til runden! Vi må seie oss svært nøgde med resultatet. Det var heile 8 stykk som møtte opp i dag, med blant anna to  debutanter: Anders Hersvik og Jørn Otto Olsen.

Etter at Ida gjekk ein litt svak runde sist gong, har da bredt seg usikkerhet blant kastarar om ho verkeleg var ein utfordrar til damerekorden på bana. Men med stødig kasting i dag og tangering av pers på +19 er det ikkje lenger noko tvil. Debutant Jørn Otto imponerte med gode lengder og beine kasta, men måtte i likhet med tidligere debutanter plukke opp discer i OB-felt både her og der. Anders derimot klarte å halde seg unna dei verste smellane og slo til med sterke +6 på førsterunden sin!

Ellers var Kenneth Sæbø endeleg på bana igjen, men såg ut til å være litt usikker på kva hål han skulle kaste på innimellom. Han satt likevel den drøyaste putten sålangt i Sommarkast`15 med ein langputt fra baksida av vollen på hull 2! Videre gjekk Endre "Dothraki" Natvik ein god runde på +8 (heile 5 par!).

Bra kasta!
Mvh Solund Sendebrettlaug

Spiller Detaljer Sum +/-
Håvard Mongstad 642433232 29 -1
Anders Hersvik 553534245 36 6
Endre Natvik 443944343 38 8
Eirik Engevik 644756464 46 16
Kenneth Sæbø 664645368 48 18
Ørjan Nikolaisen Trovåg 3441135648 48 18
Ida Grindland 664955455 49 19
Jørn Otto Olsen 5538451048 52 22
    Eagle/Ace         Birdie         Boogey         Dobbel Boogey +