Sommarkast 2016, runde 9

Publisert 31.07.2016 av Kjell Mongstad

5 av oss fekk til ein kjapp Sommarkast-runde medan det endeleg var litt opphaldsvêr.
Og det var gjestane våre som fekk det best til denne dagen. Ronald fekk til ein strålande 29-runde (+1).
Og trur du ikkje han tok ein perfekt ACE på korg 7 (14 på 18-korgsbana). Flaug som ein falk gjennom manden, for så å lande med eit plingggg rett i korga GRatulerer med ACE nr. 2 på bana
Og grattis May Brith, med ein strålande runde og ny pers på 9-korgsbana.

PS! Vi endrar tidspunkta for våre resterande Sommarkast-rundar, slik at det høver betre for returreise med ekspressen på søndager (kl. 15:00) og i høve jobb på onsdagar (kl. 19:00) ...