Sommarkast 2016, runde 8

Publisert 27\.0\.2016 av

Jommen trossa 5 av oss sip-regnet og kom oss gjennom den 8.de Sommarkast-runden med glans!
Det blir feil å seie at vi var tørre etter runden, men humøret var i alle fall tipp-topp heile vegen.
Løypa er faktisk lagt slik at vi korkje vassar i vatn eller gjørme. Både bane og folk tørkar opp, så snart det det vert opphaldsver.
Og resultata; - når både Åsmund, Sigve, Tone og Magnus gjekk på nokre små og store smellar, så kunne Kjell safe inn ein 32-runde (+4)... Denne "heilt bak mål"-korga er irriterande gøy, men vrien i vind...dei som fiksar den bana, kan gjer det godt. Idag fauk dei fleste diskane dit vi ikkje ville ha dei. 
Vi må ha oss ein runde i morgon også, medan vi ventar på den 9. runden på søndag :)