Sommarkast 2016, runde 5

Publisert 17\.0\.2016 av

Sommarkast 2016, runde 5 vart gjennomført på søndag med 9 stk. på startstreken, og med ei salig styrtregnbyge, som ingen skjønte vitsen med, i det vi skulle kaste på korg 2 .
Denne runden var det Asle som imponerte mest, men surra det til på siste korga og dermed friviljug overleverte sigeren til Håvard.
Bana fungerer veldig godt, for både små og store, nybyrjarar og garva diskgolfnerder. Og skal seie Truls køyrde på med ein runde med stort sett berre forehandkast...her har vi noko å lære noko og einkvar !
Dugnaden held fram på 18-korgsbana...vi stryk stadig element på "To-do"-lista...kl. 17:30 køyrer Håvard og Tarjei på. Vil de vera med så heng på :)