Sommarkast 2016, runde 13

Publisert 11.09.2016 av Kjell Mongstad

Sommarkast 2016 er over. Og det med ein nydeleg sisterunde med 15 små og store sommarkledde diskgolfentusiastar rundt på 9-korgsbana. I ein litt lumsk vind klarte Eirik ein imponerande 31-runde (+4). Og artig var det at dei 4 neste hadde alle ein 37-runde kvar (+9). Damene imponerte også, med Fanni i spissen på 38 kast.
Gøy at desse minste kan lære oss gamlingar nye teknikkar. Dei roller så dei aldri skulle ha gjort noko anna ! 
Samanlagt på Sommarkast var det ikkje noko å få gjort med Håvard, men om Tarjei hadde fått tatt nokre rundar til, så skulle det blitt kamp :)
Gøy at heile 55 personar har vore med å tatt ein eller fleire rundar på 9-korgsbana denne sommaren.