Sommarkast 2016, runde 12

Publisert 21\.0\.2016 av

Endeleg...mellom all tidlegare ferieavvikling, regn- og knottebyger og sinnsvakt med dugnadsjobbing, fekk vi endeleg avvikla Sommarkast runde 12. Og endeleg i eit strålande vêr...
Ikkje så mange men det let seg gjere når vi kan kose og leike oss saman heilt frå 7-åringar til 56-åringar (hjelp, er eg så gamal).
Om nokon brukar 33 kast eller + 33 kast er ikkje så nøye, berre vi har det gøy saman ! Drikkestasjonen ved utkast 7 gjorde susen; - det gav ny energi i varmen. Endre og Kjell fighta som løver til siste korg og enda likt (+5), og Thilo hang tett på heile tida.
Det var gøy å endeleg få gått ein runde igjen. Gjer dykk klar til Solund-søndagen...då trøkker dei som vil til med den første 18-korgsrunden...kjem tilbake til dette !