Påskediskgolf 2017 - oppstart

Publisert 09.04.2017 av Kjell Mongstad

Er vi klare for litt diskgolf i påsken? Vi kan bruke18-korgsbana med korg 1-9 som utgangspunkt. Korg 10-18 går også sikkert også bra, men på eige ansvar grunna anleggsarbeid på og ved idrettsbana.

For dei som vil delta i ein uoffisiell påsketurnering; - reglar: 
Dei 3 beste rundane i fram til og med 2. påskedag tel med. Du går så mange rundar du vil. 
Poeng: Du vert registrert med 100 poeng minus tal kast pr. runde.

Påsketurneringsvinnaren er den som har høgast poengsum etter 3 teljande rundar. Vi trekker også 2 laugseffektar mellom dei som deltok i etterkant.

Registrering skjer med bruk av udisc ("End round early" etter 9 korger), men også sms / fb / mail går bra! 
 Vi spelar med PAR 4 på korg 4 og 7 (og 15 for dei som vil gå på dei siste 9 korgene).

Kan også glede dykk med at vi skal oppgradere utkastsonene og få til ein fin finish på bana utover våren! Vi kjem tilbake til nokre dagar med felles dugnadsinnsats. Vi hadde tenkt no i påsken, men vêret er så ruskete så langt, så vi får sjå...

GOD DISKGOLFPÅSKE ALLE SAMAN :)