Påskediskgolf 2017 og dugnad- 11.-18. april

Publisert 17.04.2017 av Kjell Mongstad

Fanni, Bence og eg har synfart 18-korgsbana og vi har laga ei "To-do"-liste. Bence har sagt seg villig til å lage alle kloppene (ca. 20 stk.), samt finishen på utkasta /dropsonene der snekring trengs. 
Vi andre trengs til å bera kloppene på plass, få korgene med jordfeste til å stå litt meir støtt, jevne underlaget for nokre matter og feste nokre utkastmattene (med stålklaver?). Dette er overkomeleg og dette blir veldig bra :) Vi kaller inn til ein felles dugnadsdag så snart vi er klar med kloppene m.m. Kloppe, sa du? = ei lita flat bru ! 
Bana fungerer supert allereie, men vonar du også får lyst å vera med på ein siste felles dugnadsinnspurt på bana!

DAG 1:

Jommen kom vi oss gjennom 1. halvdel av 18-korgsbana idag...Men med iskalde pistrete regndråpar og hustrig vind i nakken vart det no litt sånn bob, bob med oss alle. Torstein imponerte med presise kast i vinden og utsøkt putting...heilt til det gjenstod 2 korger...så gjekk han på ein smell, men vart likevel dagens vinnar!
Syntes vi var flinke eg...sjølv med våte og valne nevar :)
Eg legg mellombels inn påskeresultata på resultatlista for Draumeparken 18 korger!
Så fiksar Erlend opp i ei ny side med resultat for korg 1-9 og påskediskolfen seinare.

DAG 2:

Gode vindforhold for diskgolf. Og det vart alle 18 korgene på mange av oss idag. Og heile bana funka supert! Men det er no korg 1-9 som er teljande i "Påskediskgolfen" dette året. 
Torstein held fram med svært godt spel og klarte halvrunden på 32 kast (dvs.+3, fordi bane 4 og 7 har vi definert som par4-baner). Aron gjorde også ein strålande runde (+6).
Skal visst bli endå betre vêr i morgon...så då er det berre å hive seg sjølv og disken rundt bana :)

DAG 3:
Masse folk på diskgolfbana idag... :) Og mange gode resultat, sjølv om nordvesten gjev oss mange utfordringar. Og no byrjar bana å tørke opp. 
Mistenkjer at det er ein del som har gått rundar som ikkje har meldt dei inn. Torstein leier denne uformelle turneringa og med 30 kast idag (+1), så blir det tøft å hente inn at forspranget fram mot 2. påskedag... 
Og medan vi kastar, så har Bence, Fanni og Shervan laga klopper til den store gullmedaljen. Dette blir såååå bra !!! :)

DAG 4:

Svært gode forhold idag. Og Eirik er tilbake i storform...31 kast (+2) er så langt nest beste registrerte 1-9 korgsrunde på nyebana. Og hakk i hæl følgde gutta diskgolfboys. 
Du verden for ein nydeleg dag. Måtte den vare like til påske :)

I morgon er det kvardag og vi hiv oss rundt på litt dugnad. 
Vi følger "to do"-lista, ergo stivar av dei korgene som har jordfeste og jamnar ut nokre utkast, Men kloppene tek vi først i ferde med når dei er ferdig produsert !
Blir du med...?

DAG 5:

Så kom endeleg den etterlengta snøen :)
Å jobbe med jord og sand er kanskje ikkje det optimale idag. Men kanskje vi kan få tak i nok hender (8 stk.) til kl. 14:00 (skal bli litt lettare vêr utpå dagen) for å bera på plass 5-meters ramma som skal på plass mellom korg 5 og utkast bane 6 og kloppa som skal over siste våte parti inn mot korg 6. 
Desse ligg klare til eit felles løft på parkeringsplassen.
Ellers kan vi ta ein diskgolfrunde og putle litt på med korg og matter undervegs, så sant vi synest det er mogleg

DAG 6:

I dag fekk vi på plass den aller første kloppa :) mellom korg 5 og utkast bane 6. Også dropsona på bane 7 er på plass. Alt takka vere Stian, Asle, Tarjei og Kjell sine enorme muskuløse skuldre ;). Ein ekstra tusen takk til Bence, Fanni og Sherwan som masseproduserer klopper :)
Vi skal saman få på plass eit fantastisk tur-, rekreasjons- og friluftsområde; - berre vent å sjå !!! Her spelar alt saman; - Idrettspark, Kystarboret, Draumeplass og Diskgolfbane :)
Og med kunstgrasbana;- jo der går det også unna !

DAG 7:

1. påskedag myldra det med folk på diskgolfbana!
Og mange har gått utruleg sterke rundar. Eirik er verkeleg i siget. Berre 28 kast (-1) på dei 9 første korgene...det er banerekord. Grattis :) Og Åsmund og Endre drog til med kvar sin 30-runde (+1). Har ikkje fått oversendt alle scorecarda enno, men etterkvart vil de kunna sjå resultata frå denne dagen såvel som for alle påskedagane på www.sendebrettlauget.no. Her ein liten videosnutt frå ein av våre mange vinterkastrundar.

DAG 8:

Den noko uformelle "Påskediskgolf"-turneringa er over. I skiftande vêr og føreforhold er det gjennomført 92 rundar utført av 37 personar.
Eirik fekk 208 poeng og stakk av med sigeren, 1 kast foran Endre, som avslutta med ein super PAR-runde idag, og 3 kast foran Torstein. Imponerande innsats Eirik og gratulerer :) Ein valgfri disk er premien :). Laugsrådet trekker i tillegg ut 2 premiar mellom dei som deltok.
Og medan det myldra på diskgolfbana, har det kome opp 3 flotte klopper...og det er på gang 18 til :) Tusen takk til Fanni og Bence for strålande innsats