Oppdatering ev registrerte opplysningar

Publisert 17.10.2015 av Kjell Mongstad

Har gjort ein oppdatering av registrerte opplysningar knytt til Sendebrettlauget sin aktivitet.

Har i den samanheng fått nokre spørsmål som eg prøver gje svar på her:

1. Alle kan bruke bana og kaste diskar fritt utan medlemsskap i Solund IL og Solund Sendebrettlaug... dette skal jo vera aktivitetsskapande for flest mogleg, men...

2. Ein må vera medlem i Solund IL for å kunna ha eit gyldig laugsmedlemsskap....dette fordi...

2. Utan medlemsskap i Solund IL er ein ikkje forsikra om det går ein disk rett i skallen på ein forbipasserande / inn vindauge på ein parkert bil / Ottoen sitt stovevindauge (hole in one :) ) m.m.
(uansvarleg / uvøren oppførsel er uansett den einskilde ansvarleg for - det er ikkje lov å kaste om nokon beveger seg i kastesona)...det vil seie...

3. Når Sendebrettlauget køyrer sine vekesgolfar som Sommarkast / haustkast / vinterkast / m.m., så er Lauget (ergo SIL) ansvarleg for dei som er idrettslags- og laugsmedlemer

4. Idrettslagskontingenten gjer at du får 15% på alt du kjøper ved Sport1 i Førde.

5. Laugsmedlemskontingenten gjer at du får 15% på alt diskgolfutstyr du kjøper på XXL i Åsane (ved å førevise eit elektronisk laugsmedlemskort som vi held på på utferdiga i desse dagar)

6. Men mest av alt; - medlemsskap gjer at du kan slå deg på brystet og seie at du er medlem av Noregs vestlegaste Sendebrettlaug når du møter t.d. Kongen eller Dronninga på Pollatinden.

7. Pengane går til diskar for utlån / utleige / premiar / m.m. og til å dekke vedlikehald og løpande arrangementsutgifter

8. Vi skal lage ei 18-hóls diskgolfbane og vi treng at flest mogleg av dei som synest dette er gøy, er medlemer. Dette dokumenterer positiv og høg aktivitet...og det utløyser meir aktivitet og tilskot til å få realisert ei slik bane.

Til no er statistikken slik:
Det er gått 320 rundar på testbana (ca. 50 mil)
Det er 69 personar som har gått heile rundar og som dermed har ein personleg rekord registrert. Aldersspreiinga er stor mellom desse; - eit spenn frå 7 - 60 år.
Førebels er det 26 betalte medlemer i Lauget (og det er vel tett på 300 i Solund IL).

...Så...flott om du vil vera medlem i SIL og Lauget vårt!
Klart du kan vera støttemedlem...det er berre topp det :)