Vinterkast 2015 / 2016 - 23. runde

Publisert 10.01.2016 av Kjell Mongstad
Så var vi igang igjen...i eit heidundrande snøkav denne gongen.
Men med Viljen i spissen, lot ikkje snøen og vinden oss stoppe.
 
Det vart jamnt i toppen :)
Etter seiande blodfattig i fingrane og med meir eller mindre naglebit på tærne, varta Mark opp med ein strålande 31 (+1) runde. Og når Håvard avslutta med både ein out of bounds og ein disk som gjekk tvers gjennom korga, på siste hólet, så sikra Mark sigeren med 2 kast.
 
Fanni fortsetter storspelet sitt og Kalle gjekk sin første Vinterkast-runde. Han viste så absolutt at han har noko på gang.
Alle oss andre surra godt og skuldar gjerne på at korga var så vanskeleg å få auge på i snøkavet. Men vi var då alle samde om at vi eigentleg er kjempegod :)
 
At Viljen fullførde denne snøkavrunden, er intet mindre enn imponerande og største prestasjonen denne dagen.
 
Så når vi endeleg var ferdige med dei 9 tradisjonelle hóla, så tok nokre av oss beina fat for å besiktiga dei nye foreslåtte hóla til 18-hóls bana.
Og joda; - her var det mykje gøy og mykje utfordrande, både sportsleg og reint rydde-lyng-og-skog-og-hei messig.
Men vi var samde om at det utgangspunktet som var laga til, ville kunna fungere veldig godt.
Sjå resultatlista under turneringar og Vinterkast 2015 / 2016 
Dette var moro, sjølv med kulde, snø og vind midt imot!
Så vel møtt til nye Vinterkast-dystar kvar søndag frametter.