Diskgolfaktivteter / Haustkast´15 del 4

Publisert 13.09.2015 av Kjell Mongstad

Nok ein vellukka diskgolfdag er til endes.
Regnet kom idet siste disken til Fanni vart sendt ut på siste hól 9.

Vinden gav ein del utfordringar på driving-rangen.
Men det vart lansert ein ny og artig putterkonkurranse som engasjerte.

12 av oss gjekk runden og det vart mange veldig gode resultat:
Eirik og Åsne gjekk ein knallrunde på høvesvis +12 og +13.
Gaute og Aron følgde opp med ein +17 runde kvar.
Alle desse sette personlege rekordar, i alle fall i høve det som er registrerte av offisielle rundar.

Ole Jørgen og Jørn Otto skal verte tøffe å hanskast med. Dei måtte diverre avbryte runden grunna bursdagsselskap denne gongen.
Det er bra man har vit til å prioritere rett ! Det måtte også Kim...så hans bestenotering på +2 frå forrige søndag, vert fortsatt ståande som beste Haustkast´15 runde.

Våre nye voluntørar, Fanni frå Ungarn og Steven frå Frankrike, hadde sin debut med diskgolf denne ettermiddagen.
Pass deg Karoline; - her kan damerekorden falle kor tid som helst frametter! Med erfaring frå Ultimate-frisbee, så sit teknikken til Fanni som eit skudd.
Steven sette like godt ny fransk banerekord, og fortset han framgangen også gjennom neste runde, kan det fort bli plass mellom topp-10 på han.

Tor Arne hadde ein flott serie, men sigeren glapp på aller siste hól...2 out of bounds, og dermed stakk Kjell av med ein knepen siger. 

Dette var gøy igjen...så vi dreg til med same opplegg neste søndag.