Løypeforklaring

Publisert 09.05.2017 av Kjell Mongstad

LØYPEFORKLARING 18-KORGS DISKGOLFBANE I DRAUMEPARKEN

Korg 1, Bakkegropa                - PAR 3                        Lengde: 46m               Høgdemeter:   +10m

Utkast rett etter start på turvegen opp mot Draumeplassen / Kystarboretet. Fairway gjennom ein svært smal opning med småskog, men eller forholdsvis ope lende vidae rett opp til korg. Ingen OB eller mando.

Korg 2, Skaret                         - PAR 3                        Lengde: 85m (rett linje)     Høgdemeter:   +  1m

Utkast fra fjellplatå, sønnafor korg 1. Fairway ca. 85m framover før den drar til høgre inn i eit skar. Mogleg hyze-linje over fjell for dei gode backhandene. OB-linje følgjer myrkant / bekk mot aust før den dreier i ei bue og går opp til skaret. OB-linje innerst i skaret mot stup. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god. NB! Sleivkast mot vest gir fare for å miste disk!

Korg 3, Moldmyra                   - PAR 3                        Lengde: 85m               Høgdemeter:   -  1m

Utkast frå ei bergflate, vidare søraustover frå korg 2, med korg plassert nedom eit høgdedrag. Mando til høgre for furutre. Straffekast og kast frå dropsone (45 m til korg) ved bom på mando. OB følgjer myr til venstre og følgjer fairwayen fram til fjellhammar i bakkant av korg. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 4, Draumeplassen          -PAR 3 (Par 4)             Lengde: 107m             Høgdemeter:   + 1m

Utkast frå ei tørr halvøy i myra. Dobbel mando mellom to små tre. Straffekast frå dropsone (91m til korg) ved bom på mando. OB til venstre langs myr, som følger ei tørr landtunge og går tilbake opp mot furutre. Ei motgåande OB-linje går frå fjellet og ned langs med myr og følger bekkefar sørover. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 5, Kystarboretet             - PAR 3                        Lengde: 55m               Høgdemeter:   -  1m

Utkast frå kampestein til venstre rett innafor porten, mot korg plassert i bakkant av OB-øy. Mando på tre til høgre.
Ved bom på OB-øy er det straffekast og disken vert kasta på ny frå dropsone (30m til korg). Går disken OB ved kast på OB-øy, vert det straffekast og disken vert kasta frå der den sist var god.

Korg 6, Fredsplassen             - PAR 3                        Lengde: 70m (rett linje)     Høgdemeter:   -  1m

Utkast til venstre for eucaptalyctustrea. Mando til høgre for tre, rett etter utkast. Ved bom på mando, retee frå utkast. Fairway til høgre for treklynge med venstrekurve inn mot korg. OB over gjerdet. Ved OB vert disken kasta frå der den sist var god.

Korg 7, Langbakken               - PAR 3 (Par 4)             Lengde: 101m             Høgdemeter:   +13m

Utkast på platå litt nordvest for Fredsplassen. Mando mot venstre før dal. Dropsone og straffekast (60m til korg?) ved bom på mando. OB dersom disken landar på OB-øya til korg 5, Kystarboretet. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 8, Edens Hål                     - PAR 3                        Lengde: 73m               Høgdemeter:  +  0m

Utkast på platå ca 30 meter sørvestover bak ein stor stein. Fairway fram og til høgre for gjerde med korg ståande på ein berghellar. OB til venstre over gjerdet. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 9, Klatreveggen              - PAR 3                        Lengde: 47m               Høgdemeter:  -13m

Utkast ved bolta klatrevegg med kast bratt ned mot korg som står på OB-øy. Ved bom på OB-øy; - Straffekast og dropsone (12m til korg) mellom trea på OB-øya (treff i gjerdet er ok). Straffekast og nytt kast frå dropsone ved OB, inne på OB-øya,

Korg 10, 1000-årsstaden         - PAR 3                        Lengde: 87m               Høgdemeter:   +  8m

Utkast frå flate nordvest for 1000-årstreet. Fairway opp og rett fram over haugen mot korg. Spelarane må sjekke at det er fri bane før utkast skjer. OB på kystarboretvegen. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 11, Utsikten                    - PAR 3                        Lengde: 69m               Høgdemeter:   +  0m

Utkast frå ei glenne i småskogen oppe på høgdedraget, trekt litt tilbake frå korg 10. Fairway rett fram gjennom ei tilrettelagt gate i småskogen. Trippelmando ved utkast. Re-tee og straffekast ved bom på mando. OB i vatnet til høgre. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 12, Lerkesvingen            - PAR 3                        Lengde: 43m               Høgdemeter:   -10m

Utkast på platå til høgre øvst frå dalen ned mot idrettsbana. Fairway nedover med venstrekurve rundt lerketre. OB på parkeringsplass og Idrettsbane. Straffekast ved OB og nytt kast frå der disken sist var god. 

Korg 13, Ramnenipa               - PAR 3                        Lengde: 60m?             Høgdemeter:   +16m

Utkast frå grøft til Idrettsbane bak mål ved Ravnenipa-stien. Fairway med bratt helling med korgplassering mot fjellside øverst i skråning med gras. Ingen mando eller OB.

Korg 14, Uren, Luren              - PAR 3                        Lengde: 37m               Høgdemeter:   +  4m

Utkast innimellom kampesteinane bak fotballmålet. Dobbeltmando mellom trea opp mot fjellhammar. Straffekast ved bom på mando. Dropsone (12m til korg) bak dobbelmando. OB nedanfor vollen mot løpebane. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 15, Himmelturen             - PAR 4                        Lengde: 120m             Høgdemeter:   +17m

Utkast på platå ovanfor løpebane. Fairway rett fram opp mot korg. Mando til høgre for grantre. Straffekast ved bom på mando frå dropsone (72m til korg) mellom tre og hammar. OB på løpebane. Straffekast ved OB. Nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 16, Ørneflóget                - PAR 3                        Lengde: 56m               Høgdemeter: -  8m

Utkast nede på fjellplatå sørvest for korg 15 - Himmelturen. Korg er plassert midt i skråning på voll ned mot idrettsbana. OB på bana og og bak korg. Straffekast frå dropsone (42m til korg) under fjellhammar ved OB.
Nye kast over OB-linje, fører til nytt kast frå der disken sist var god.

Korg 17, Vollen                       - PAR 3                        Lengde: 88m               Høgdemeter:   +10m

Utkast frå platå vest for myr med korg plassert midt oppå jordvollen. OB følgjer myr / platå og dreier 90 grader frå dal inn mot Ramnenipa (17m frå OB til korg). Straffekast ved OB, Nytt kast frå der disken sist var god. 

Korg 18, Laugskorga             - PAR 3                        Lengde: 47m               Høgdemeter:   +  7m

Utkast frå platå ved bekkefaret ovanfor byggefelt. OB følgjer byggefeltgrense og Idrettsbane, samt same OB-linje som for korg 16, Ørneflóget. Straffekast ved OB og nytt kast frå der disken sist var god.