Litt om sikkeheit og reglar for Solund Open-konkurransen

Publisert 03.10.2015 av Kjell Mongstad

I morgon skal vi ha det gøy...samstundes som det også er ein konkurranse.
Førebels er det 15 stk. som har meldt sin ankomst...og det kjem nok nokre for å sjå på. Kult det!

Dette er jo heilt nytt for dei fleste av oss.
Difor nokre ord få ord om sikkerheit og litt om dei mest grunnleggjande reglane:

1. Det er ikkje lov å kaste når nokon er inne i kastesona for aktuell bane.
Vis alltid omsyn og vent til bana er klar. 
Ver særleg merksam på hól 1 og 2. Ikkje overvurder evnene dine.

2. Det er alltid den bakerste disken som skal kastast først...og dei andre ventar med å gå fram til denne disken er kasta...er det "milevidt" unna kastesona, så kan det utøvast skjøn

3. Det er alltid den som var best på forrige hól som startar utkastet på neste hól.

4. Det er alltid dei andre i gruppa som avgjer om det oppstår tvil om noko under runden

5, Det er aldri lov å flytte noko som står i vegen i kastesona (t.d. greiner om du står inne i eit kratt).

6. Når ein disk går "out of bounds", så skal disken tilbake til der den gjekk ut, Du kan stå å kaste 3 fot innafor bounds-linja.

7. Du skal alltid ha ein fot plassert der disken har landa (eller rett under / over)...den andre foten kan ikkje vera framfor normalen på korga du skal kaste mot

8. Drittkasting og nedpsyking skal ikkje forekome. Vi vil berre ha positive / oppmuntrande kommentarar i vårt laug.

OBS! hól 7 og 8:

Hol 7 (Out of bounds-øya) - Du skal kaste frå drop-sona om disken har vore innom OB-øya...ellers skal man tilbake til den bakerste Out of bounds linja.
Ver obs på at det no også er out of bounds på høgre side, bort til bommen

Hol 8 (gjennom skogen) - Her er det ein dobbelmando - dvs. 2 tre er no merka med raud tape. Her må du kaste gjennom med disken. Om ikkje må du tilbake til der du kasta frå; - som regel frå utkastet (tee)

Alt dette tek vi ein info på samla, før vi startar.
Ikkje gløym at dette skal vera moro, midt opp i alt regelverket.

Det er ekstra gøye konkurranseelementa på hól 1 (LP-Longest Put), hól 4 (LD-longest drive) og hól 9 (CTP-Closest To Pin). Dette vert premiert, men vi har ikkje fått tak i markørane enno, så her må nokre vinnarar vente litt på premien sin.
I tillegg så må vi premiere om nokon klarer ein ACE (hole in one) i løpet av konkurransen. Det er vanleg.

Gleder meg til i morgon!