Kr. 70.000 til testdiskgolfbana frå Sparebankstiftinga!

Publisert 04.11.2015 av Kjell Mongstad
Til lukke med dagen alle saman...til våre laugsmeldemer, til våre "føresette" i Solund IL og til alle innbyggjarar i Solund!
 
Sparebankstiftinga har tildelt kr. 70.000 til etablering av den testgolfbana, som no er tatt i bruk. :).
Hovudsøknaden for etablering av 18-hólsbana er ikkje handsama hjå Gjensidigestiftinga enno. Vi har med denne tildelinga fått ein flying start på hovuddelen av prosjektet.
 
Tusen takk til Sparebankstiftinga for sjølve tildelinga.
Tusen takk til Solund kommune som har bidrege med kunstgras, sand og transport av blytunge utkastmatter og lass etter lass med regntung sand.
Tusen takk til alle som har bidrege med dugnadsinnsats...og særleg til nokre flotte ungdomar som kjempa kveld etter kveld med gjenstridige kunstgrasmatter...
...og til sist, men ikkje minst...
 
Tusen takk til alle som har brukt testbana, og på den måten har dokumentert at diskgolforprosjektet var meir enn liv laga!
 
Dette har vist seg, og vil framleis vise seg å vera vel anvende pengar :)