Innkalling til årsmøte for år 2015 i Solund Sendebrettlaug

Publisert 28\.0\.2017 av

Innkalling til årsmøte for år 2015 i Solund Sendebrettlaug

Du er med dette kalla inn til årslaugsmøte for Solund Sendebrettlaug.
Det er 83 registrerte medlemer, med smått og stort, som får denne innkallinga 
Stemmerett på årslaugsmøtet har berre dei som er over 15 år og som også er medlem i Solund IL.

Møtestad: Solund Idrettsbygg
Møtetid: Søndag 12. februar kl. 15:30

Saksliste:
• Godkjenne dei som har stemmerett
• Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
• Velje møteleiar, referent og 2 laugsmedlemer til å skrive under protokollen
• Handsame lauget si årsmelding. Framlegg frå laugsrådet: sjå vedlegg
• Handsame lauget sin årsrekneskap. Framlegg frå laugsrådet: sjå vedlegg
• Fastsetje laugsmedlemskontingent. Framlegg frå laugsrådet:

o Kr. 100 pr. medlem
o Kr. 200,- for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste ungdomsskuleår)

• Velje laugsrådsmedlemer og varalaugsmedlem

Laugsrådet i dag:

May Brith Kalgraff (2 år)      - ikkje på val
Åsmund Røed (2 år)            - ikkje på val
Kjell Mongstad (2 år)           - ikkje på val
Karl Fredrik Helgesen (2 år)  - ikkje på val
Anne Brith Tangenes (1 år)   - kan ta attval, men stiller sin styreplass til disposisjon
Endre B. Natvik (1 år)          - tek attval
Kim Arnes (1 år)                  - tek attval

Vararepresentant i dag:

Jan Kåre Nessen (2 år) - tek attval

Valnemnda sitt framlegg til laugsrådsmedlemer:

  • Endre B. Natvik - 2 år
  • Kim Arnes - 2 år
  • Fanni Balatoni - 2 år 

Valnemnda sitt framlegg til laugsrådsleiar:

  • Kjell Mongstad - 1 år

Det vart på årslaugsmøtet i år 2016 oppnemnt ei FB-faggruppe med 10 medlemer, ein materialforvaltarar- / banemeisterfunksjon, og ein IKT-ansvarleg.
Valnemnda tilrår at laugsrådet sjølv vurderer behovet for endringar i utval og oppnemner dei personar som trengs for å ferdigstille bana og halde ei god drift av lauget i åra som kjem.

• Innspel til handlingsplan og ferdigstilling av 18-korgsbana:

o Lage opningsturnering-invitere klubbar i Bergens-området / planlegge nasjonal konkurranse
o Skaffe sponsorar
o Fokus på samarbeid – Sommarjobbar / Turistinformasjonen, Solund Eigedom / Skafferiet, YST
o Gjennomføre finish på og rundt utkastsoner / korger, fairway / stiar; - herunder brenne kvist
o Lage klopper
o Utarbeide endeleg banedesign / sette opp informasjonsskilt i samarbeid med kommunen

• Vedta lauget si innstilling til årsbudsjett. Framlegg frå laugsrådet: sjå vedlegg

Hardbakke 28. januar 2016
Laugsrådet i Solund Sendebrettlaug
Kjell Mongstad
leiar