Idrettsdag i Solund Idrettspark i morgon 18. oktober - med nokre diskgolfaktivitetar

Publisert 17\.0\.2015 av

Ver med på ein gøy Idrettsdag i Solund Idrettspark i morgon!
Det blir høve til m.a. springa både kort (60m) og langt (3.000m), kasta kule og hoppa lengde...og det er garantert også lov å stå i ro, sjå på, og ganske enkelt berre nyte livet på din måte!

Vi lagar til nokre uformelle diskgolføvingar / konkurransar som vi kan drive med innimellom.
Men her kan ikkje driverne suse fritt rundt øyra på folk, så vi held oss til dei organiserte øvingane som vert laga til. 
Når Idrettsdagen går mot slutten, kan dei som ynskjer det sjølvsagt gå ein diskgolfrunde.

Ta med deg familie, vener og nokre diskar under armen og bli med på Idrettsdagen!