Håvard kom til finalen i Norgescupen

Publisert 26\.0\.2019 av

Solund Sendebrettlaug deltok med 2 deltakarar på Norgescupen på Flaktveit den 25. mai.

Etter ein noko tøff start, gjennomførte Håvard sin 3. runde på 5 under par (best av alle i den runden).
Han kapra seg difor ein plass i finalen og hamna til slutt på ein flott 17. plass; - og det i kamp med heile Noregs-eliten.  
Gratulerer så mykje til Håvard med ein flott prestasjon.

Men som vanleg må man nok snu heile resultatlista på hovudet for at Kjell skal hamne på toppen i sin klasse.
Men denne gongen var han berre 7 kast frå å hamne på 6. plass i Grandmaster-klassen. Altså ei klår forbetring frå året før. det gjeld å sjå det positive i alt !