Haustkast'15 - Runde 1

Publisert 20\.0\.2015 av

Ein utfordrande 1. Haustkast'15 runde!

Ein deilig, men lunefull vind gav denne runden ein ekstra dimensjon og utfordring. Torstein er nok van med vindstille skogsløyper…heldigvis…heile 7 out of bounds felte han denne gongen, men kasta hans er imponerande lange! Daniel tok ein del ekstra sjanser med driveren sin undervegs, og vips så var han ut av tetstriden. Alexsandre hadde sin siste runde i Solund og Norge, og vinden vil han definitivt hugse etter opphaldet. Men han tek no frisbee'en sin med seg til Frankrike og vil definitivt lansere sporten der… og hugs; - han har fortsatt rekorden på bana med berre gjennomførte venstrearmskast.

Kjell køyrde safe, bortsett frå på hull 3 mot vollen i motvind… driveren flau fint i lufta den... leeeenge... men kom ned igjen nøyaktig 2 meter frå utgangspunktet! Det holdt like vel til ein knepen siger.

Men det var Geir-Kåre som imponerte mest. Han klarte 9 over par på sin debutrunde! Det bør vera eit resultat som han kan skrive heim om…

Kjekk runde, sjølv om vi var litt få… men dette skuldast oppkøyring til Solunddagane! Vi samlast igjen til nye rundar på søndag ca. kl. 12.00!

Spiller Detaljer Sum +/-
Informasjon fjernet 37 7
Informasjon fjernet 39 9
Informasjon fjernet 42 12
Informasjon fjernet 45 15
Informasjon fjernet 49 19
    Eagle/Ace         Birdie         Boogey         Dobbel Boogey +