Haustkast´15 del 7

Publisert 11.10.2015 av Kjell Mongstad
Så var Haustkast´15-serien over...og det med eit strålande crescendo :)
Heile 29 stk. deltok; - ergo altfor for mange å nemne med namns nemning - sjå heller under fana "Turneringar".
 
Fokus skal ikkje vera resultat, men det er no litt gøy med desse uformelle Haustkast-konkurransane... å sjå om ein og annan personleg rekord kan ryka.
I dag var vinden litt lei med oss, særleg på hól 2, 3 og 4, så rekordjaget vart ikkje så påfallande denne runden.
 
Likevel; - må nemne Eirik som gjekk ein knall 36-runde.
Og Isabella vant Sendebrettlauget si T-skjorta med sin flotte 61-runde.
Godt å sjå på deltakarlista at det grør godt i rekkene.
 
For damene sin del, så verkar Fanni vanskeleg å slå. Denne gongen vart det ein 39-runde på henne. Anne Mai og Stine kom nærast henne, med høvesvis ein 53- og 54-runde.
 
Tarjei må også nemnast særskilt...
Etter å ha trent og kjempa heile helga med både diskar og jamvel med Stine sine heimelaga "lappar" :)... samt endelause turar i "out of bounds"-en på hól 9, så satt endeleg det vanskelege sistekastet i denne vår uformelle konkurranse.
 
Og for ikkje å snakke om...og det var det mange som var vitne til... nærare ein "ace" (hole in one) på hól 5, er det knapt mogleg å koma.
Pling rett i kassa...men sørgjeleg nok spratt disken ut att!
Knapt eit auge kan ha vore tørt etterpå...
 
Tarjei fekk tilslutt ein 33-runde (+3). Og tett på følgde Kim med +4.
Og for å liksom slå fast kven som var best denne dagen, så tok dei likså godt ein oppvisningsrunde etterpå; - med resultatet +2 på begge to.
Men det byrjar bli tett bak; - for både Øyvind E., Sigve og Geir Kåre gjekk på +5 .
 
Gøy å treffast, gøy med litt uformell konkurranse...gøy å ha det gøy!!!
Gratulerer til oss alle 29 som deltok denne fine Haustkast´15-dagen.
 
 
Neste søndag er det Idrettsdag i Idrettsparken...60 meter, 3.000 meter, lengde, kast...det blir moro! Kan ikkje flyge diskar rundt på bana då!
Men ta med diskane, så vert det høve til å kaste diskar i litt meir siviliserte formar...mot putterkorga. Mange gøye øvingar som kan køyrast der.
Om det høver slik, så kan dei som vil avslutte med ein diskgolfrunde.
 
Og søndagen derpå startar vi opp Vinterkast´15/16...
Ikkje fred å få :)