Haustkast'15 del 6 - "Jo flere vi er sammen"

Publisert 28.09.2015 av Kjell Mongstad

"Jo, gladere vi blir"

Når 20-25 frisbeearar susar rundt omkring i Idrettsparken, nokre born synest dei innimellom godt kan leike litt saman i Skateboardparken og når nokre turglade vaksne stansar opp og slår av ein prat og sågar prøver kastearmenen sin...og nokre like godt blir "hekta", ja då er det vi kjenner gode vibrasjonar spreier seg...både i kropp og sjel.

Snakkar meg om "fysisk fostring"...det myldra med folk i terrenget rundt bana...ikkje alle akkurat rundt korga, men like mykje opp i skrentar, mellom sprake og lyng, under sitkagran og i ur...    

Det var topp kasteforhold og mange klarte å sletta sine personlege rekordar; - trur både Fanni, Steven, Aron og Celestin gjorde det.
Og familien Lerpold, med Leah, Paul Atle og Sigve gjorde nokre flotte debutrundar.

Kim må trekkast fram igjen. Han imponerte med ein ny og sterk +2 runde. GRATTIS!
Så då var ikkje plasseringa på frisbee-adelskalenderen i Solund tilfeldig likevel :)
Han avgjorde med ein birdie på det vanskelege skogshólet, og vips så måtte Erlend returnere til Bergen utan "vandrepokalen" i bagasjen.

Gleder oss til neste gang vi møtest, for ..."jo flere og mere vi er sammen..."
Skal vi prøve oss med ei lita "Sulakaihulaste"-turnering neste helg?