Haustkast´15 del 5 - diskgolfmoro!

Publisert 20.09.2015 av Kjell Mongstad

Haustkast´15 del 5 - dette var moro!

For jommen tok Truls-en putteren fatt, og slo til med ein imponerande +55-runde.
Noko å vera stolt over; - ein heil 9-hólsrunde med rundt 2,5km klatring i berg og trakking i kratt midt på ein kviledag. Leonard måtte rekke middagen, elles ville nok han gjort ein like imponerande runde.
Her må de følgje opp alle de godt vaksne som berre sit nedsigen i godstolen og berre vert svett av å følgje Premier League!!!

Og Eirik tangerte like godt sin eigen junior-rekord med +6 og dette vart også ein imponerande dagens beste runde (delt). Gratulerer!
Berre en putter for mykje på siste hól.
Men pass deg for Aleksander og Aron…dei lurar rett bak.

«Som sønn så far»…den personlege rekorden til Bjarte glapp bokstaveleg ut av handa og fór ut rett til venstre i bjørnebærhagen...der diskane til Bjarte likar seg så godt :). Altså «out of bounds» på siste hól igjen, og dermed +6! Likevel godt nok til å halde både Geir Kåre, Jørn Otto og Endre bak seg!
Og likevel beste runde i dag saman med Eirik!
Den personlege rekorden står snart for fall.

Og masse puttertrening og lengdekast…dette gjorde at debutanten Celestin vart ein farleg herremann denne dagen!
Og målet kan vel seiast å verta nådd:
«Vandrepokalen» er flytta heilt frå Frankrike til Madagaskar; - med den nye bestenoteringa på bana med berre venstrehandskast.

Gøy at så mange andre born og vaksne tok seg tida å følgje sine håpefulle frå ein aktiv tilskodarplass!
Det er berre å henge seg med på runden neste søndag!