Haustkast´15 del 5 - diskgolfaktivitetar
Publisert 19\.0\.2015 avSå er det på´an igjen!
På søndag kl. 13:00 og utover blir det diskgolfaktivitetar i Idrettsparken igjen.
Dei som vil, kan øve litt teknikk og kanskje sette lengdepersar på driver-rangen.
Det er også lagt til rette for å teste ut mange putter-øvingar.
Og for dei som tenkjer å slette banerekordar; - øv gjerne på innspel!...for det er kanskje det viktigaste å få til; - å kome så nær korga som mogleg frå ulike avstandar, slik at du sikrar at siste kastet med putteren sit i korga på første forsøk.
Alle som går ein runde, registrerer vi på heimesida under Haustkast´15 del 5.
Ta med Udisc-appen, så går scoreregistreringa som smurt.
De går også fint å bruke scorecard på papir, men det er litt meir styr med å registrere resultata 2 gonger.
Det er fortsatt Kim som har beste score under Haustkast´15-rundane med +2 .
Denne rekorden skulle vi ha forsøkt gjort noko med i morgon!