Siste nytt - Haustkast´15 del 4

Publisert 12\.0\.2015 av

Siste nytt:
Solund Idrettslag har no gjort sine formelle vedtak og Solund Sendebrettlaug kan no gå i full operativ drift som ei gruppe under SIL.
Det betyr også at Solund Sendebrettlaug kan setje i verk medlemsregistrering / betaling, styre sin eigen laugskonto og jobbe vidare med å nå hovudmålet; - å få på plass ei 18 hóls godkjend diskgolfbane.
Føremålet med lauget er framleis både å ha lågterskelmoro med diskar, sosialt lag, og det å kunna drive ein seriøs idrett på nasjonalt nivå i Solund.

Laugsrådet vil koma attende til alt dette, etter at dei har fått halde eit møte.

Aktivitetsdag / Haustkast´15 del 4:
I dag, søndag den 13. september, køyrer vi ein ny diskgolfaktivitetsdag i Idrettsparken med innlagt Haustkast´15 for dei som ynskjer ta del i det.

Vel møtt i 13.00-tida!... til både dei som berre er litt nysgjerrige og til dei mange som allereie har fått smaken på denne artige sporten / aktiviteten.