Haustkast 2016, runde 6

Publisert 30.10.2016 av Kjell Mongstad

Haustkast-serien er ferdig. Veldig internasjon runde idag, med Belgia, Ungarn, Syria og Norge på startstreken. Og i ein litt hustrig, sur side-, mot-, medvind tok Ungarn og Fanni heim seieren med ein strålande 33-runde (+5). Teknikken hennar er verkeleg forbilledleg og der vi andre kastar diskar i hytt- og dynevêr, går hennar disk berre rett fram :) Ikkje sant, May-Brith Steinsøy Kalgraff ;)
Og stilen til Ole Jørgen er verkeleg upåklageleg. Sjå og lær :)
32 personar har delteke i haustkast-turneringa. Trekning av disken / capsen skjer på Idrettslaget sitt årsmøte i januar / februar. Alle som har delteke er med i trekninga.
Vinterkast 2016/17 er neste turnering. Vil du vera med så heng på :)